Elevane ved Nes Barneskole vart spurd kva som er godt i livet. Svaret gav dei i den imponerande oppsettinga ”Jakten på det gode liv” med 3 forestillingar i Idrettshallen no november, sett av ca 1000 publikumarar.
Tekstar, musikk og dansar var laga av elevar og lærarar ved Nes barneskole i samarbeid med Nes og Flå kulturskole i regi av prosjektet ”KOM” - Kreativt Oppvekst Miljø. Gjennom flotte dansenummer og solosong, kjempekor med 250 elevar og verbale innslag lærde elevane oss at kvar enkelt av oss kan bidra til eit betre miljø. Personane som i starten av stykket meinte alt var kjedeleg på Nes, enda opp med å sjå at ved å gjera ting saman så skjer det noko, me kan skapa noko bra saman.
Innbyggjarane i Nes vart sist haust utfordra gjennom Nesbyen Turist og Næringsservice A/S (NTN) til å vera med å utvikla bygda vår gjennom ein ide-verkstad. Først vart det halde eit møte i august med ca 60 tilstades og så oppfølging i november i grupper på meir avgrensa tema. Det har vore eit breitt engasjement frå næringslivet, organisasjonar og privat personar. Og prosessen går vidare med arbeid i grupper fram til neste møte i februar. Det vert arbeidd med konkrete idear som kan realiserast både på kort og lang sikt.
Ei samansett gruppe(av tilsette, tillistvalde og politikarar) i Nes kommune har sett fokus på korleis ein kan styrka omdøme til Nes kommune sett i rekrutterings samanhang. Det er i dag kamp om arbeidstakarane i mange yrke. I Nes gjeld det akkurat no som i mange andre kommunar, særleg i omsorgsyrka og innan tekniske fag, men snart kan det vera innanfor andre område. Det handlar både å om rekruttera nye og ta vare på alle dei ein har. Det viktige er å skapa gode arbeidsmiljø der alle dei tilsette trivest og blir sett. Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs!
Gjennom budsjettprosessen i kommunen frå behandling i administrasjon til politiske utval og endeleg vedtak i kommunestyret i desember er det fokus på korleis kan me gjera ting betre til gagn for bygda vår.
Budsjettet er ei synleggjering i tal av alt det arbeid og den innsats som dagleg vert gjort i kommunen.
Ofte kan ein i denne samanhang bli mest opptatt av det ein ikkje har og dei nye tiltaka og investeringane ein diverre ikkje finn økonomisk rom for, og gløyma alt det me faktisk har i basisbudsjettet.
Alt dette som her er nemnd, har noko viktig felles. Me gjer dette fordi me er stolte av bygda vår! Og det me er stolte av og synes om, vil me ta vare på, utvikla og gjera betre og gjerne dela med andre. Dette skal vera eit fellesprosjekt for oss alle - kommunen, næringslivet og alle innbyggjarane (i både hus og hytter)! Og me ynskjer nye innbyggjarar velkomne!
Det er me som bur i kommunen, som er dei beste ambassadørane for bygda vår!
Med dette som visjon inviterar eg til breitt samarbeid til beste for bygda i dei komande fire åra.
Og kanskje er det fleire av oss som skulle gjera som elevane ved barneskolen, ta oss litt tid iblant til å reflektera over kva som er godt i livet.
Helsing Gerd Eli