Utfordringar i Nes
Alle veit at kommuneøkonomien i Nes er utfordrande for 2011. Underskotet frå 2009 skal dekkjast inn. Rådmann har lagt fram eit budsjett som er i ballanse, men som inneber store omstillingar. Dei politiske hovudutvala behandla budsjettframlegget i veka som gjekk og har stortsett gått for rådmannen si innstilling. Budsjettet går no vidare til formannskapet 23.nov. før endeleg behandling i kommunestyret 16.des.
Den vanskelege kommuneøkonomien er ikkje noko som har oppstått i år, men er resultat av ei utvikling som har gått over fleire år. Alle har vel håpa på at det skulle snu seg, og ein har utsett i det lengste å gjera tøffe omstillingar. Dette er og erfaringane frå kommunar som har kome på den såkalte ROBEK- lista - at ein ventar for lenge. No må skuta snus, drifta må gå i pluss, utgiftene må bli mindre enn inntektene. Ein slik snuoperasjon kan vera vanskeleg, det er ikkje lett å få gehør for endringar før skuta skurar mot botnen, og dette gjeld både blant politikarar, ansatte og andre innbyggjarar.
Alle driftseiningar i kommunen blir berørt, ikkje berre dei som er omtalt i Hallingdølen i det siste. Allerede ved budsjettbehandlinga i juni vart det gjort fleire reduksjonar.
Men at det skal vera ei forsvarleg drift er sjølvsagt, noko anna vil heller ikke kommunestyret godta. Når fleirtalet i kommunestyret i vår vedtok ikkje å innføra eigedomsskatt i heile kommunen, var det bl.a. ut frå at ein såg det nødvendig å få drifta på plussida først. Auka eigedomsskatt ville lett ført til at nødvendig snuoperasjon berre blei utsett. For 2011 ville eigedomsskatten uansett ikkje gitt pluss i rekneskapen, men derimot auka kostnader og dermed ytterlegare kutt.
Ein kan velja å sjå situasjonen berre negativt, hengja med hovudet og klaga over at ingenting er bra i Nes. Eller ein kan velja å sjå alt det bra som skjer, sjå etter muligheter og løysingar.
For Nes har ressursar og potensiale, og denne Nokon som må gjera noko, er både deg og meg. Kanskje må me oftare spørja kva kan me alle gjera for bygda. For at næringslivet skal blomstra og lokalsamfunnet utvikla seg, er det viktig at me støttar og brukar dei tilbod som finst i bygda. Så i år treng du ikkje gå over bekken etter vatn, men legg julehandelen til Nes.
Gerd Eli Berge, ordførar.